Kampen om merksemda krev nye strategiar. No går JoDa Media og Pinea Studio saman om eit kurs for bedrifter som vil handtere marknadsføringa sjølve gjennom strategisk historieforteljig. No ønskjer dei innspel frå næringslivet: Svar på undersøkinga og vinn deltakarpass!
– Det digitale landskapet har endra seg, og tradisjonell marknadsføring har ikkje lenger same slagkraft som før. Samstundes ser vi at stadig fleire ønskjer å gjere jobben sjølve framfor å setje bort alt, seier dagleg leiar Josefine Spiro i JoDa Media.
Byrået har på kort tid markert seg som ein pioner innan strategisk historieforteljing for bedrifter på Sunnmøre.
No går Spiro og Liisa Mänd i Pinea Studio saman om å tilby eit heilt nytt kurskonsept. Målgruppa er bedrifter som ønskjer å ta ansvar for eiga merkevarebygging, men som treng meir kunnskap og verktøy for å lukkast.
– Målet er å gi deltakarane ei innføring i strategisk historieforteljing, slik at dei klarer å skilje seg ut, vekkje tillit og verte hugsa av målgruppene sine, seier Mänd.

For å sikre at kurset blir så relevant som mogleg, ber dei no om hjelp til å kartleggje behova i næringslivet. Som takk for innsatsen vil alle som deltek i undersøkinga vere med i trekninga av eit gratis deltakerpass når kurset blir ein realitet.
Vil du vere med å påverke innhaldet?