Intensivkurs i strategisk historieforteljing - medlem får rabatt!
JoDa Media og Pinea Studio inviterer til eit todagarskurs i strategisk historieforteljing for bedrifter på Quality Hotel Waterfront i Ålesund 28.–29. mai.
Som medlem i Næringsforeningen i Ålesundregionen får du 1 500 kroner i avslag på prisen.
Kurset er mynta på bedrifter som ønskjer å gå frå tradisjonell marknadsføring til strategisk historieforteljing for å skilje seg ut og bli hugsa av målgruppene sine.
Praktisk informasjon:
Stad: Quality Hotel Waterfront, Ålesund
Tid: Torsdag 28. mai kl. 09.00 til fredag 29. mai kl. 14.00
Pris: Sidan dette er ein pilot, er prisen berre 7 800,–
Medlemsrabatt: Medlemer i næringsforeninga får i tillegg 1 500,– i rabatt ved å bruke koden MEDLEMSRABATT26
Påmeldingsfrist: 21. mai
På programmet:
- Rammeverket: Finn dykkar merkevarehistorie og lær å formidle ho på ein måte som gjer at de blir hugsa.
- Formidling: Korleis lukkast med video, foto og tekst i sosiale medium.
- Verktøy og KI: Smart bruk av KI og designverktøyet Canva i kvardagen.
Målet er at du jobbar med di eiga merkevare gjennom heile kurset og reiser heim med ein ferdig utvikla strategi og konkrete verktøy.
Dette er inkludert i prisen:
- Kursing i to dagar
- Gratis pensumhefte og digital arbeidsbok
- Lunsj, snacks og drikke begge dagar
- Gode samtalar og utvida nettverk
- Kursbevis
Kurshaldarar:
- Josefine Spiro – Prisvinnande journalist, kreatør, fotograf og dagleg leiar i JoDa Media.
- Liisa Mänd – Spesialist på merkevarebygging og visuell identitet, og dagleg leiar i Pinea Studio.
- Daniel Spiro – Fotograf, filmregissør og produsent i JoDa Media.
JoDa Media og Pinea Studio ønskjer deg velkomen til to inspirerande dagar i Ålesund!
Hjelp oss å utvikle innholdet vårt
Var denne artikkelen interessant?
Nyhetsbrev
Få alle de siste nyhetene rett i innboksen din hver torsdag