Eksklusiv invitasjon: Bli med på kurs i strategisk historieforteljing for bedrifter

JoDa Media og Pinea Studio inviterer næringslivet på Sunnmøre til ein todagars workshop der dei lærer bort korleis ein går frå tradisjonell marknadsføring til historier som sel. Som medlem i Næringsforeningen i Ålesundregionen får du no høve til å sikre deg plass til ein ekstra gunstig pris før det offisielle salet opnar 6. mars.

Sidan oppstarten i 2024 har JoDa Media etablert seg som ein sentral aktør innan innhaldsproduksjon og strategisk rådgiving for lokalt næringsliv. No tek dei steget vidare og opnar dørene for kursing og kompetanseheving. I samarbeid med Pinea Studio lanserer dei intensivkurset «Strategisk historieforteljing for bedrifter», som går av stabelen på Quality Hotel Waterfront 28.-29. mai.

– Det digitale landskapet har endra seg drastisk, og kampen om merksemda er hardare enn nokon gong. Tradisjonell marknadsføring har framleis sin plass, men skal ein bli lagt merke til, hugsa og verkeleg byggje tillit over tid, må ein spele på krafta i dei gode historiene, seier dagleg leiar Josefine Spiro i JoDa Media.

En kvinne sitter i en lenestol, og en kvinne står bak med armen på hofta i et kontorlokale med trapp i bakgrunnen og store vinduer.
Liisa Mänd i Pinea Studio, og Josefine Spiro fra JoDa Media samarbeider om det nye kurstilbudet.

Byggjer vidare på brei erfaring

Sjølv om JoDa er mest kjende for produksjon av scrollytelling, tekst, film og foto, har strategisk rådgiving og coaching vore ein integrert del av verksemda ei god stund. Det planlagte kurset er ei vidareføring av dette tilbodet.

– Mange bedrifter har spennande historier, men er usikre på kvar og korlesi dei skal formidle dei. På dette kurset gir vi deltakarane eit rammeverk og konkrete verktøy for å finne og fortelje historiene sine på ein måte som gjer at dei vert hugsa og valde av målgruppene sine, seier Spiro.

Forskning viser at vi hugsar historier opptil 20 gongar betre enn isolerte fakta, og kjende eksperiment har vist at strategisk historieforteljing kan auke verdien på eit produkt med fleire hundre prosent.

Gir førsteprioritet til lokale bedrifter

Som medlem i Næringsforeningen i Ålesundregionen, står du på lista over spesielt inviterte, og får førsteprioritet på kurset. Mottakarar av dette nyheitsbrevet kan difor sikre seg plass no til ein Earlybird-pris på kun 5 800 kroner, før det offisielle salet opnar 6. mars.

– Sidan dette er aller første kursrunde, har vi sett både Earlybird- og standardprisen til svært gunstige pilotprisar som berre vil gjelde denne gongen, understrekar Spiro.

FAKTA OM KURSET:

  • Namn: Strategisk historieforteljing for bedrifter.
  • Tid og stad: 28.–29. mai 2026, Quality Hotel Waterfront.
  • Pris: Earlybird-pris 5 800,- (gjeld til og med 31. mars 2026).
  • Standard pris: 7 800,- (frå 1. april).

Meld deg på her

Du kan lese meir om kurset og dei som står bak her.

Hjelp oss å utvikle innholdet vårt

Var denne artikkelen interessant?

Nyhetsbrev

Få alle de siste nyhetene rett i innboksen din hver torsdag

Ved å melde meg på samtykker jeg til at Næringsforeningen i Ålesundregionen kan sende meg nyhetsbrev og markedsføring på epost. Jeg kan melde meg av når som helst.