📅 Dato: Mandag 2. februar 2026
Tid: kl. 10.00–14.00
📍 Stad: Norsk maritimt kompetansesenter, Ålesund

👉 Påmelding her!

------------

Program

09.30 Kaffi og registrering
10.15 Oppstart

Velkomen til Ålesund
Anders Riise, fylkesordførar i Møre og Romsdal

Innleiing
Konferansier Arill Riise

Kystnasjonen Noreg
Kjetil Gillesvik, Initiativ Vest

Flaskehalsar i ein kritisk infrastruktur
Sjøkaptein Ottar J. Aare

Kort pause

Tjue reguleringsplanar og ny skipslei
v/ Stad kommune

Massehandtering i verdsklasse
Heidi Nakken, Næringsforeninga i Ålesundregionen

Ringverknadar: Hurtigbåt frå Bergen til Ålesund
Bjarne Rygg og Ola Lilloe-Olsen, Hurtigbåtforbundet

Auka sikkerheit, miljøgevinstar og trygge arbeidsforhold
Leif Vartdal, Kongsberg Maritime
Marius Strømmen, Norsk Sjøoffisersforbund

Lunsj og tur rundt Stad
Marius Strømmen og Ottar J. Aare tek deg trygt rundt Stad i NTNU sin simulator

Siste nytt frå Kystverket om prosjektet
Kystverket gir status og svarar på spørsmål

Difor støttar LO og NHO bygging av skipstunnelen
Helene Frihammer, NHO Vestland
Nils P. Støyva, LO Vestland

Lokaldemokratiet utfordrar den nasjonale politikken
Samtale med lokal- og fylkespolitikarar

Oppsummering
Slutt om lag kl. 14.15

------------

Dette er eit kunnskapsmøte for stortingspolitikarar og andre sentrale aktørar, med Stad skipstunnel som utgangspunkt for ei større og meir grunnleggjande problemstilling: Kva slags land Noreg skal vere i ei tid der tryggleiksbiletet og geopolitikken er i endring?

Det handlar ikkje berre om ein stad eller eit einskild prosjekt. Stad skipstunnel er eit konkret svar på nasjonale utfordringar – eit val om å ta ansvar for eigen infrastruktur, verdikjeder og beredskap.

Kystverket skal levere anboda 6. mars 2026. Dette vil danne grunnlaget for revidert statsbudsjett. Innsatsgruppa for Stad skipstunnel ser behov for meir kunnskap og breiare innsikt før dei avgjerande vala skal takast, og inviterer difor til dette møtet.

------------

Temabolkar:
• Noreg som kystnasjon – der verdiane blir til
• Flaskehalsar i kritisk infrastruktur
• Lokal utvikling i verdsklasse – massehandtering og ringverknader
• Status på prosjektet Stad skipstunnel

------------

Oppleving:
Bli med kaptein Marius på seglas rundt Stad
Du får teste NTNU sin simulator og oppleve korleis det er å gå rundt Stad i storm. Sjøfolk med lang erfaring tek deg trygt gjennom seglasen og forklarer kva som er spesielt med dette krevjande havstykket.

------------

Arrangør: Innsatsgruppa for Stad skipstunnel
Innsatsgruppa er ei samansetjing av to regionråd, næringslivsråd frå begge fylka og medlemsorganisasjonar med interesse for realisering av Stad skipstunnel.

👉 Påmelding: Trykk her!

Kunnskapsmøte Stad skipstunnel 020226